logo avstandsholder
 
 
 
  
   
 
forsidebilde
Siste utgave
Forrige utgave
Neste utgave
Tidligere årganger
Om fagbladet
Redaksjonsarkiv
Tips oss
NIFU STEPs hjemmeside
Forside SøkesideNettforum
Utskriftsvennlig
Evidens og nypositivisme
- Evidenskonseptet er etter mitt syn ikkje særleg vitskapleg, sjølv om retorikken går ut på å hevde nettopp dette, skriv professor Tor-Johan Ekeland bl.a. Det er ingen evidens for evidensbasert praksis, hevdar han. 

Tor-Johan Ekeland

Kunnskapssosiologisk er det interessant at konseptet «evidensbasert praksis» på kort tid har spreidd seg frå medisin til mest alle fag og profesjonar innanfor velferdsstaten. Og evidensretorikken er på sett og vis både tilforlateleg og uimotståeleg: Vi må lage system og ordningar som sikrar at fagfolk berre nyttar metodar som er vitskapleg dokumenterte som effektive. Slik kan ein skilje ut det som ikkje har livsens rett (dvs. uvitskapleg), og sikre at pasientar og brukarar får tilgang til «best muleg» behandling. Kan ein vere kritisk til dette? Det bør ein om ein har omsut for vitskapen som kunnskapstradisjon. Først og fremst handlar evidenskonseptet om ein relativt ateoretisk empirisk pragmatisme opphøgd som vitskapleg styringsgrunnlag for praksis. Det viktigaste er å dokumentere at noko verkar - kvifor, som er vitskapen sitt mål å svare på, har kome i bakgrunnen. 
Kontekstfri kunnskap
Ei viktig klårgjering som ofte blir oversett, er at ein må skilje mellom «evidensbasert kunnskap» og «evidensbasert praksis». Den evidensbaserte kunnskapen er ikkje ny, sjølv om omgrepet er det. Det handlar om jakta på universelle verknadsmekanismar - eller kontekstfri kunnskap. Slik kunnskap avgjer om vitskap kan omsetjast til teknologi og standardiserte prosedyrar. At ei medisinsk behandling er evidensbasert tyder enkelt sagt at ein på bakgrunn av gruppedesign kan seie at ho verkar for ein statistisk gjennomsnittspasient, uavhengig av kontekst. Men i den kliniske verda møter ein ikkje gjennomsnittspasienten. Derimot møter ein den individuelle variasjonen og subjektiviteten ein i gruppedesigna har sjalta ut som feilvarians. I den kliniske verda kan ein heller ikkje kontrollere for konteksten. Det er den ein arbeider i, og god klinisk etikk tilseier at ein bør utnytte denne til beste for pasienten og behandlinga. Det nye, «evidensbasert praksis», er i realiteten eit styringskonsept som ønskjer å oppheve eller avgrense behandlaren sin autonomi til fordel for manualstyrt behandling/tiltak. Ambisjonen er altså å gjere kunnskapen til teknologi. I det Ole Berg karakteriserer som industrialisering av helsevesenet, der det snart er viktigare å tene pengar pasienten enn å tene pasienten, har konseptet blitt eit tiljubla styringsverkty. 
Hemmar god behandling
All kunnskap har sine grenser og kviler på visse føresetnader. Det er desse som vert oversett når evidensbasert kunnskap blir gjort til evidensbasert praksis. At ein i forskinga gjer pasienten til eit objekt, kan ha sine grunnar, men å gjere det same i behandling er korkje særleg klokt eller fremjar god behandling. Evidensbasert praksis inneber no også objektivering og styring av profesjonsutøvaren. Autonomien (og ansvaret) til å individualisere behandlingsstrategiane blir svekt, og medisinen sitt praksisproblem forsterka: at ein er flink til å behandle sjukdom, men dårleg til å behandle sjuke menneske. 
Uvitskapleg konsept
Mens evidensbasert kunnskap har relevans når det er tale om fysiske og kjemiske behandlingsmetodar der kausale samanhengar er rimeleg, ontologisk sett; er dette svært så problematisk når behandlinga og tiltaka er samansette, komplekse og basert på kommunikasjon, slik tilfellet er når det gjeld sosialt arbeid, rusbehandling, pedagogikk og psykisk helsearbeid. Og kva seier den empiriske forskinga om denne typen praksis? Den er faktisk omfattande og eintydig: Der er ingen evidens for evidensbasert praksis! Dette er praksisformer som må skjønast kontekstuelt og kommunikativt, ikkje akontekstuelt og instrumentelt, slik evidensmakarane legg til grunn. Korkje diagnosar eller dei spesifikke metodane har prediktiv verdi, isolert sett. Det er til å undre seg over at evidenstilhengarane, som elles yndar å argumentere med empiri, så lett fornektar dette. Dessutan handlar slik praksis om normative spørsmål som ikkje kan løysast på teknisk vis. 
Retur til positivismestriden?
I 1977 skreiv Hans Skjervheim essayet «Det instrumentalistiske mistaket» der han kritiserte pedagogikken for å sjå danningsprosessar som noko ein kan måle og kontrollere på same måte som tekniske prosessar i industrien. Det var ein pedagogikk som på den tida var på god veg inn i ei evidensbasert blindgate. Dagens situasjon er langt verre. Forkledd som «evidensbasert kunnskap» blomstrar nypositivismen. Og når det gjeld helse, er det statens mål at vi alle bør leve evidensbaserte liv. Situasjonen er «evidens» for Eivind Tjønneland sin påstand i Norsk idéhistorie om at positivismestriden vart vunnen på alle punkt i teorien, men tapt på alle punkt i praksis. 
 
Tor-Johan Ekeland er professor, Høgskulen i Volda. 
Forskningspolitikk, nr /..
Fagbladet Forskningspolitikk
Wergelandsveien 7, N-0167 Oslo. Telefon: (+47) 22 59 51 00, Telefaks (+47) 22 59 51 01. E-post : fpol@nifustep.no
Nedre
Topp